Ein frekvenstabell viser kva verdiar som finst i eit datasett, og kor mange gonger kvar verdi førekjem. Talet for kor mange gonger blir kalla frekvensen.
| Tal på sysken |
Frekvens |
| 0 |
4 |
| 1 |
9 |
| 2 |
5 |
| 3 |
2 |
Her har 4 elevar 0 sysken, 9 elevar har 1 sysken, og så vidare. Til saman er det 4+9+5+2=20 elevar. Summen av frekvensane er talet på verdiar.
Gjennomsnitt frå ein frekvenstabell
- Gong kvar verdi med frekvensen sin.
- Legg saman produkta. Då har du summen av alle verdiane.
- Del på summen av frekvensane.
gjennomsnitt=summen av frekvensanesummen av verdi⋅frekvens
Median frå ein frekvenstabell
- Legg saman frekvensane. Då får du talet på verdiar n.
- Finn midtplassen 2n+1.
- Legg saman frekvensane ovanfrå og ned. Denne løpande summen blir kalla kumulativ frekvens. Sjå kva rad midtplassen hamnar i.
Verdiane i tabellen står allereie i rekkjefølgje. Tenk på tabellen som ei lang, sortert liste: først 4 nullar, så 9 einarar, og så vidare. Du treng ikkje skrive opp alle verdiane.
Medianen er ein verdi frå venstre kolonne, eller talet midt mellom to av dei. Han er aldri ein frekvens.