For ein vanleg terning kan sannsynet for 6 reknast ut. Det er 1 gunstig utfall av 6 moglege, så sannsynet er 61≈0,167. Eit sannsyn som er rekna ut på denne måten, kallar vi eit teoretisk sannsyn.
Ei simulering gir i staden ein relativ frekvens. Her er fem køyringar av same program, med 1000 kast kvar gong:
| Køyring |
1 |
2 |
3 |
4 |
5 |
| Seksarar |
169 |
163 |
177 |
164 |
156 |
| Relativ frekvens |
0,169 |
0,163 |
0,177 |
0,164 |
0,156 |
Ingen av køyringane gav nøyaktig 61, og det er heilt normalt. Kvart kast er tilfeldig, så resultatet varierer frå køyring til køyring. Det kallar vi tilfeldig variasjon. Med 1000 kast kan resultatet faktisk aldri bli nøyaktig 61, for 61000 er ikkje eit heilt tal.
Det teoretiske sannsynet seier kva vi kan vente på lang sikt. Forventa antal er sannsynet gonga med talet på forsøk. For 1000 kast er det 61⋅1000≈167 seksarar. Køyringane gav tal rundt 167, men ingen gav akkurat 167.
Slik samanliknar du:
- Rekn ut det teoretiske sannsynet.
- Rekn ut den relative frekvensen frå simuleringa.
- Finn avviket, altså skilnaden mellom dei.
Kor stort avvik som er vanleg, kjem an på talet på forsøk. Køyr gjerne programmet fleire gonger, og sjå kor mykje resultatet varierer. Er avviket mykje større enn det som er vanleg, stemmer truleg ikkje programmet med forsøket.