Mange matematiske oppgåver kan løysast med ein algoritme i eit program. Planlegg først: Kva er inndata? Kva steg trengst? Kva skal skrivast ut?
Primtal. Eit primtal er eit heilt tal som har nøyaktig to faktorar: 1 og talet sjølv. Talet 1 har berre éin faktor og er ikkje eit primtal.
Ein algoritme kan prøve alle tal frå 1 til n og telje kor mange som går opp i n. Er det nøyaktig to, er n eit primtal.
I Python er n % d resten når n blir delt på d. Er resten 0, går d opp i n.
n = int(input("Tall: "))
antall_faktorer = 0
for d in range(1, n + 1):
if n % d == 0:
antall_faktorer = antall_faktorer + 1
if antall_faktorer == 2:
print(n, "er et primtall")
else:
print(n, "er ikke et primtall")
Med 13 som inndata går berre 1 og 13 opp, så programmet skriv ut 13 er et primtall. Med 15 går 1, 3, 5 og 15 opp, så 15 er ikkje eit primtal.
Verditabell. Ei lykkje kan gå gjennom x-verdiane og rekne ut y for kvar av dei. Hugs to ting når du skriv formelen i Python:
- Gongeteiknet må stå: 2x blir skrive
2 * x.
- Potens blir skriven med
**: x2 blir skrive x ** 2. Teiknet ^ betyr noko anna i Python.