Ein lineær funksjon har ein graf som er ei rett linje. Uttrykket kan skrivast y=ax+b.
- Stigingstalet a er endringa i y når x aukar med 1. Er a negativt, søkk grafen.
- Konstantleddet b er y-verdien når x=0. Der skjer grafen y-aksen.
Frå ein tabell
- Vel to kolonnar. Finn endringa i y og endringa i x mellom dei.
- Del: a=endring i xendring i y. Endringa i y er negativ når y blir mindre.
- Finn y når x=0. Manglar x=0, går du steg for steg dit frå ein kjend kolonne. For kvart steg endrar y seg med stigingstalet.
Frå ein graf
- Les av der linja skjer y-aksen. Det er b.
- Vel to punkt der linja går gjennom eit rutekryss. Finn kor mykje linja går opp eller ned, og kor langt den går bortover. Del som over.
Kontroller uttrykket med ein kolonne eller eit punkt du ikkje brukte.
Eit døme: Tabellen har y=11 når x=2, og y=17 når x=4. Då er a=4−217−11=26=3. Frå x=2 går vi to steg bakover: b=11−2⋅3=5. Uttrykket er y=3x+5.